Konsesjon for Raskiftet

Publisert den 31. januar 2014  

NVE har i dag gitt Austri Raskiftet DA konsesjon i medhold av energiloven § 3-1 for å bygge og drive Raskiftet vindkraftverk med nettilknytning og tilhørende infrastruktur i Trysil og Åmot kommuner, Hedmark fylke.

-Det gis konsesjon for en installert effekt på inntil 110 MW med en potensiell årlig energiproduksjon på 340-370 GWh. Etter NVEs vurdering er de samlede fordelene ved etablering av Raskiftet vindkraftverk, med nettilknytning og tilhørende infrastruktur, større enn ulempene tiltakene medfører. NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet, og at vindkraftverket vil bidra til at Norge kan oppfylle forpliktelsene knyttet til Norges fornybarmål, skriver NVE på sin hjemmeside.

De viktigste negative virkningene av Raskiftet vindkraftverk er etter NVEs vurdering knyttet til landskap, friluftsliv, hyttenæring og Forsvarets interesser. Disse virkningene er likevel ikke så store at konsesjonssøknaden bør avslås. NVE legger til grunn at gode produksjonsprosjekter kan tåle noe større miljøvirkninger enn mindre gode prosjekter. NVE har satt en rekke vilkår til konsesjonen, herunder blant annet vilkår om avbøtende tiltak for friluftsliv, utarbeidelse av miljø-, transport og anleggsplan og tiltak knyttet til nedleggelse av tiltaket.

NVE har sendt ut denne pressemeldingen i dag:

NVE gjev løyve til tre vindkraftverk i Hedmark

NVE gjev løyve til å bygge og drive tre vindkraftverk med nettilknyting i Hedmark. Vindkraftverka vil samla gje inntil 1,2 TWh ny kraftproduksjon per år. Dette svarar til straumbruken til omlag 60 000 husstandar, og vil utgjere rundt ein prosent av den samla norske kraftproduksjonen.

NVE har lagt vekt på at vindkraftverka vil vere viktige bidrag til å oppfylle politiske mål om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.

Dei tre løyva gjeld Kvitvola/Gråhøgda vindkraftverk i Engerdal kommune, Raskiftet vindkraftverk i kommunane Trysil og Åmot, og Songkjølen og Engerfjellet vindkraftverk i Nord-Odal kommune. NVE meiner dei to førstnemnde har spesielt gode vindforhold.

  • Austri Kvitvola DA er søkjar for Kvitvola/Gråhøgda vindkraftverk kraftverk, som vil gje inntil 400 GWh ny kraftproduksjon per år.
  • Austri Raskiftet DA er søkjar for Raskiftet vindkraftverk vindkraftverk, som vil gje inntil 370 GWh ny kraftproduksjon per år.
  • E.ON Wind Norway står bak søknaden på Songkjølen og Engerfjellet vindkraftverk, som  vil gje inntil 390 GWh ny kraftproduksjon per år. NVE har gitt løyve til ei redusert utbygging på grunn av verknader for gamalskog.

Etter NVEs  vurdering er dei samla fordelane ved etablering av vindkraftverka med nettilknyting og tilhøyrande infrastruktur, større enn ulempene tiltaka medfører. Alle vindkraftverka vil føre til vesentlege verknader for landskap og friluftsliv. Andre viktige negative verknader av Kvitvola/Gråhøgda og Raskiftet vindkraftverk er knytt til hyttenæring og Forsvaret sine interesser. Songkjølen og Engerfjellet vindkraftverk kan påverke eit viktig område med gamalskog. Med avbøtande tiltak og ved at det vert teke tilstrekkeleg omsyn ved etablering av anlegga meiner NVE at desse verknadene ikkje er så store at søknadane bør få avslag.

NVE har sett ei rekkje vilkår til løyva, mellom anna vilkår om maksimalt støynivå, avbøtande tiltak for friluftsliv og utarbeiding av miljø-, transport og anleggsplan.

Austri Kvitvola DA har fått løyve til Kvitvola/Gråhøgda vindkraftverk i Engerdal kommune. Dette vindkraftverket vil gje inntil 400 GWh ny kraftproduksjon per år. Austri Raskiftet DA har fått løyve til Raskiftet vindkraftverk i kommunane Trysil og Åmot. Vindkraftverket vil gje inntil 370 GWh ny kraftproduksjon per år. NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdene, og at vindkraftverkene vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske mål om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.

E.ON Wind Norway har fått løyve til Songkjølen og Engerfjellet vindkraftverk i Nord-Odal kommune. Vindkraftverket vil gje inntil 390 GWh ny kraftproduksjon per år. NVE meiner prosjektet vil vere konkurransedyktig i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden, og at vindkraftverket vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske mål om ny fornybar kraftproduksjon. NVE har gitt løyve til ei redusert utbygging på grunn av verknader for gamalskog.

Etter NVE sin vurdering er dei samla fordelane ved etablering av vindkraftverka med nettilknyting og tilhøyrande infrastruktur større enn ulempene tiltaka medfører. Alle vindkraftverka vil føre til vesentlege verknader for landskap og friluftsliv. Andre viktige negative verknader av Kvitvola/Gråhøgda og Raskiftet vindkraftverk er knytta til hyttenæring og Forsvaret sine interesser. Songkjølen og Engerfjellet vindkraftverk kan påverke eit viktig område med gamalskog. Med avbøtande tiltak og ved at det vert teke tilstrekkeleg omsyn ved etablering av anlegga meiner NVE at desse verknadene ikkje er så store at søknadane bør få avslag. Vindkraftverka vil gje positive verknader knytta til økonomi og næringsutvikling i fleire kommunar i Hedmark.

NVE har sett ei rekkje vilkår til løyva, mellom anna vilkår om maksimalt støynivå, avbøtande tiltak for friluftsliv og utarbeiding av miljø-, transport og anleggsplan.